1. Krønikebok 9:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Heile Israel vart ført opp i slektsregister, og sjå, dei er innskrivne i boka om Israels-kongane.Men fiendane førte Juda i eksil til Babel fordi dei hadde vore trulause.

2. Dei første som busette seg på eigedomane deira og i byane deira, var vanlege israelittar, prestar, levittar og tempeltenarar.

3. I Jerusalem busette det seg folk frå Juda, Benjamin, Efraim og Manasse.

4. Det var: Utai, son til Ammihud, son til Omri, son til Imri, son til Bani, ein av sønene til Peres, son til Juda.

5. Vidare av etterkomarane av Sjela: Asaja, den førstefødde, og sønene hans;

6. av Serah-sønene: Je'uel. Slektningane hans talde 690 personar.

1. Krønikebok 9