65. Ved loddkasting fekk dei desse byane som er nemnde her, frå Juda-stammen, Simon-stammen og Benjamin-stammen.
66. Dei andre av Kehats etterkomarar fekk desse byane av Efraim-stammen:
67. fribyane Sikem i Efraim-fjella med beitemarker og Geser med beitemarker,
68. Jokmeam med beitemarker og Bet-Horon med beitemarker,
69. Ajjalon med beitemarker og Gat-Rimmon med beitemarker,
70. og av den eine halvparten av Manasse-stammen Aner med beitemarker og Bileam med beitemarker. Dette fekk dei andre Kehat-sønene, slekt for slekt.
71. Gersjom-sønene, slekt for slekt, fekk av den andre halvparten av Manasse-stammen Golan i Basan med beitemarker og Asjtarot med beitemarker;
72. av Jissakar-stammen Kedesj med beitemarker og Daberat med beitemarker,
73. Ramot med beitemarker og Anem med beitemarker;
74. av Asjer-stammen Masjal med beitemarker og Abdon med beitemarker,
75. Hukok med beitemarker og Rehob med beitemarker;
76. og av Naftali-stammen Kedesj i Galilea med beitemarker, Hammon med beitemarker og Kirjatajim med beitemarker.
77. Dei andre Merari-sønene fekk av Sebulon-stammen Rimmon med beitemarker og Tabor med beitemarker;
78. på den andre sida av Jordan ved Jeriko, aust for Jordan, fekk dei av Ruben-stammen Beser i ørkenen med beitemarker og Jahsa med beitemarker,
79. Kedemot med beitemarker og Mefaat med beitemarker,