1. Krønikebok 5:20-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. Dei fekk hjelp imot dei, og hagrittane og alle som var i lag med dei, vart gjevne over i deira hender. For dei ropa til Gud i kampen, og dei vart bønhøyrde fordi dei sette si lit til han.

21. Dei tok med seg buskapen til fienden: 50 000 kamelar, 250 000 småfe, 2000 esel og dessutan 100 000 menneske.

22. Det var mange drepne og falne, for denne krigen var frå Gud. Sidan budde dei der i staden for hagrittane heilt til eksilet.

1. Krønikebok 5