8. Og dei som eigde kostbare steinar, gav dei til skattkammeret i Herrens hus, som gersjonitten Jehiel hadde ansvaret for.
9. Folket gledde seg over at dei gav så villig. For av eit heilt hjarte kom dei til Herren med dei frivillige gåvene sine. Også kong David gledde seg stort.
10. Framfor heile forsamlinga velsigna David Herren og sa:Velsigna er du, Herre, vår far Israels Gud, frå æve til æve!
11. Deg, Herre, høyrer stordom til og makt,herlegdom, ære og majestet,alt som er i himmelen og på jorda.Ditt er riket, Herre,og du er opphøgd som overhovud over alt.
12. Rikdom og ære kjem frå deg,og du rår over alle ting.I di hand er kraft og styrke.Det står i di makt å gjera alt stort og sterkt.
13. Og no, vår Gud, takkar vi degog lovsyng ditt herlege namn.
14. For kven er eg, og kven er folket mitt?Skulle vi vera i stand til å gje slike frivillige gåver?Nei, alt kjem frå deg.Det vi gjev, kjem frå di hand.
15. For vi er framande framfor ditt andletog gjester som alle fedrane våre.Som ein skugge er dagane våre på jordaog utan von.
16. Herre, vår Gud,all denne rikdomen som vi har samlafor å byggja eit hus for ditt heilage namn,den kjem frå di eiga hand,og alt er ditt.
17. Min Gud, eg veit at du ransakar hjartaog har glede i ærlegdom.Av ærleg hjarte og fri vilje har eg gjeve deg alt dette.Og med glede har eg no settkorleis folket ditt, som her er til stades,villig gjev deg gåvene sine.
18. Herre, Abrahams, Isaks og Israels Gud, våre fedrars Gud!Lat alltid folket ditt ha slike tankar og planar i hjartet,og vend hjartet deira til deg!
19. Gjev Salomo, son min, eit heilt hjarte,så han held dine bod, lover og forskrifter,fullfører alt som skal gjerast,og reiser tempelborga som eg har førebudd.
20. Sidan sa David til heile forsamlinga: «Velsign Herren dykkar Gud!» Og heile forsamlinga velsigna Herren, sine fedrars Gud. Dei fall ned og bøygde seg for Herren og kongen.
21. Neste dag bar dei fram slaktoffer og brennoffer for Herren: tusen oksar, tusen vêrar og tusen lam, med dei drikkoffera som høyrer til, ei stor mengd med slaktoffer for heile Israel.
22. Den dagen åt og drakk dei for Herrens andlet med stor glede. For andre gong gjorde dei Salomo, son til David, til konge; dei salva han til fyrste for Herren, og Sadok salva dei til prest.
23. Salomo sette seg på Herrens trone som konge etter David, far sin. Han hadde framgang. Heile Israel lydde han.