1. Krønikebok 25:1-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. David og hærførarane skilde ut sønene til Asaf, Heman og Jedutun for tempeltenesta. Dei var profetar som spela på lyre, harpe og symbalar. Dette er lista over dei mennene som stod for denne tenesta:

2. av Asaf-sønene: Sakkur, Josef, Netanja og Asarela, sønene til Asaf, under leiing av Asaf, som profeterte på oppdrag frå kongen;

3. av Jedutun, det vil seia sønene til Jedutun: Gedalja, Seri, Jesaja, Hasjabja og Mattitja, seks i alt, under leiing av Jedutun, far deira, som profeterte til Herrens lov og pris på lyre;

4. av Heman, det vil seia sønene til Heman: Bukkia, Mattanja, Ussiel, Sjubael, Jerimot, Hananja, Hanani, Eliata, Giddalti, Romamti-Eser, Josjbekasja, Malloti, Hotir og Mahasiot.

5. Alle var dei søner av Heman, sjåaren til kongen. Han hadde Gud lova stor kraft. Difor gav han Heman fjorten søner og tre døtrer.

6. Alle desse stod under leiing av far sin når dei song ved gudstenesta i Herrens hus til tonane frå symbalar, harper og lyrer. Asaf, Jedutun og Heman stod under leiing av kongen.

7. Talet på dei og brørne deira som var opplærte til å syngja for Herren, var 288, dugande songarar alle saman.

8. Dei kasta lodd om vaktordninga etter prinsippet «liten som stor, meisteren som læresveinen».

9. Det første loddet fall på Josef av Asaf-slekta; det andre på Gedalja, han sjølv og brørne og sønene hans, tolv i alt;

10. det tredje på Sakkur med søner og brør, tolv i alt;

11. det fjerde fall på Jisri med søner og brør, tolv i alt;

12. det femte på Netanja med søner og brør, tolv i alt;

13. det sjette på Bukkia med søner og brør, tolv i alt;

14. det sjuande på Jesarela med søner og brør, tolv i alt;

15. det åttande fall på Jesaja med søner og brør, tolv i alt;

1. Krønikebok 25