1. Satan stod opp mot Israel og lokka David til å halda folketeljing i landet.
2. Då sa David til Joab og hærførarane for folket: «Gå av stad og tel israelittane frå Beer-Sjeba til Dan, og lat meg få melding, så eg kan vita kor mange dei er.»
3. Joab svara: «Må Herren gjera folket hundre gonger så talrikt som det no er! Alle er dei dine tenarar, herre konge. Kvifor krev då min herre dette? Kvifor skal det koma skuld over Israel?»
4. Men kongen heldt fast på sitt ord til Joab.Då gjekk Joab ut, og han fór omkring i heile Israel og vende så attende til Jerusalem.
5. Joab la fram for David det talet folketeljinga hadde gjeve. I heile Israel var det 1 100 000 våpenføre menn, og i Juda 470 000 våpenføre menn.
6. Men levittane og benjaminittane hadde han ikkje teke med i teljinga; for Joab syntest det var eit avskyeleg påbod kongen hadde gjeve.
7. Det som hadde hendt, var vondt i Guds auge, difor slo han Israel.
8. Då sa David til Gud: «Eg gjorde ei stor synd då eg gjorde dette. Men ta no bort skulda til tenaren din, for eg har bore meg uvitug åt.»
9. Men Herren tala til Gad, sjåaren til David, og sa:
10. «Gå til David og sei: Så seier Herren: Tre ting legg eg fram for deg. Vel ein av dei, og eg vil la han ramma deg.»
11. Då gjekk Gad til David og sa til han: «Så seier Herren: Vel sjølv:
12. anten hungersnaud i tre år, eller tre månader på flukt frå fiendane dine medan sverdet deira har overtaket, eller tre dagar med Herrens sverd og pest i landet medan Herrens engel valdar øydelegging i heile Israel. Tenk no etter kva eg skal svara han som har sendt meg.»
13. David sa til Gad: «Eg er i stor naud. Lat meg helst falla i Herrens hand! For hans miskunn er stor. Men i menneskehand vil eg ikkje falla.»
14. Då lét Herren pesten koma over Israel, og det døydde sytti tusen mann av folket.
15. Gud sende ein engel til Jerusalem for å øydeleggja byen. Men då han var i ferd med å gjera det, såg Herren det, og han angra det vonde. Han sa til engelen som herja: «Det er nok! Ta no handa til deg att!» Herrens engel stod då på treskjevollen til jebusitten Ornan.
16. Då David såg opp, fekk han auge på Herrens engel som stod mellom himmel og jord med eit lyft sverd i handa. Det var retta mot Jerusalem. Då kasta David og dei eldste seg til jorda, kledde i sekkestrie.
17. Og David sa til Gud: «Det var eg som sa at folket skulle teljast! Eg er den som har synda og gjort vondt. Men desse, som eg er gjetar for, kva har dei gjort? Herre, min Gud, lat handa di ramma meg og huset til far min, men spar folket ditt for landeplaga!»
18. Då sa Herrens engel til Gad at han skulle be David gå opp til treskjevollen til jebusitten Ornan og reisa eit altar for Herren der.
19. Så gjekk David opp dit, slik Gad hadde sagt i Herrens namn.