1. Krønikebok 2:5-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Sønene til Peres var Hesron og Hamul.

6. Og sønene til Serah var Simri, Etan, Heman, Kalkol og Dara, i alt fem.

7. Karmi hadde sonen Akar. Det var han som førte Israel i ulukke då han var trulaus og tok for seg av det som var bannlyst.

8. Etan hadde sonen Asarja.

9. Dei sønene som Hesron fekk, var Jerahmeel, Ram og Kelubai.

10. Ram fekk sonen Amminadab, og Amminadab fekk sonen Nahsjon, som var leiar for Juda-sønene.

11. Nahsjon fekk sonen Salma, og Salma fekk sonen Boas.

12. Boas fekk sonen Obed, og Obed fekk sonen Isai.

13. Isai fekk søner. Den førstefødde var Eliab, den andre var Abinadab, den tredje Sjima,

14. den fjerde Netanel, den femte Raddai,

15. den sjette Osem, og den sjuande var David.

1. Krønikebok 2