1. Krønikebok 2:48-55 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

48. Maaka, følgjekona til Kaleb, fekk sønene Sjeber og Tirhana.

49. Ho fekk òg sonen Sjaaf, som vart far til Madmanna, og Sjeva, som vart far til Makbena og Gibea. Kaleb hadde ei dotter òg; ho heitte Aksa.

50. Dette var etterkomarane av Kaleb.Hur, den førstefødde til Efrat, fekk sønene Sjobal, far til Kirjat-Jearim,

51. Salma, far til Betlehem, og Haref, far til Betgader.

52. Sjobal, far til Kirjat-Jearim, fekk sonen Haroe og vart far til halve Manahat-slekta.

53. Kirjat-Jearim-slektene var Jeter-sønene, Put-sønene, Sjuma-sønene og Misjra-sønene. Folket i Sora og Esjtaol kjem frå dei.

54. Etterkomarane av Salma var Betlehem, Netofa-slekta, Atrot-Bet-Joab, den andre halvparten av Manahat-slekta og Sora-slekta.

55. Slektene av skriftlærde som budde i Jabes, var Tira-sønene, Sjima-sønene og Suka-sønene. Dette er kinittane som kom frå Hammat, stamfar til Rekabs hus.

1. Krønikebok 2