1. Krønikebok 2:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dette er sønene til Israel: Ruben, Simon, Levi, Juda, Jissakar, Sebulon,

2. Dan, Josef, Benjamin, Naftali, Gad og Asjer.

3. Sønene til Juda var Er, Onan og Sjela. Desse tre fekk han med Batsjua, ei kanaaneisk kvinne. Er, den førstefødde sonen til Juda, gjorde det som vondt var i Herrens auge, og han laga det så at han døydde.

4. Med Tamar, svigerdotter si, fekk Juda sønene Peres og Serah; i alt hadde han då fem søner.

5. Sønene til Peres var Hesron og Hamul.

6. Og sønene til Serah var Simri, Etan, Heman, Kalkol og Dara, i alt fem.

7. Karmi hadde sonen Akar. Det var han som førte Israel i ulukke då han var trulaus og tok for seg av det som var bannlyst.

8. Etan hadde sonen Asarja.

9. Dei sønene som Hesron fekk, var Jerahmeel, Ram og Kelubai.

10. Ram fekk sonen Amminadab, og Amminadab fekk sonen Nahsjon, som var leiar for Juda-sønene.

11. Nahsjon fekk sonen Salma, og Salma fekk sonen Boas.

12. Boas fekk sonen Obed, og Obed fekk sonen Isai.

13. Isai fekk søner. Den førstefødde var Eliab, den andre var Abinadab, den tredje Sjima,

14. den fjerde Netanel, den femte Raddai,

1. Krønikebok 2