1. Krønikebok 18:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ei tid etter dette slo David filistrane og tvinga dei under seg. Han tok frå dei Gat og småbyane ikring.

2. David vann over moabittane òg. Dei vart slavar for han og laut betala skatt.

3. Like eins vann David over Hadadeser, kongen av Soba, ved Hamat, då han drog ut for å vinna herredøme ved Eufrat.

4. David tok frå han 1000 vogner, 7000 ryttarar og 20 000 fotfolk. Han skar over hasane på alle vognhestane, men hundre hestar sparte han.

5. Aramearane i Damaskus kom og ville hjelpa Hadadeser, kongen av Soba. Men David felte 22 000 av dei.

6. David sette vaktpostar over aramearane i Damaskus. Dei vart slavar for David og laut betala skatt til han. Slik hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.

7. David tok gullskjolda som mennene til Hadadeser hadde bore, og førte dei til Jerusalem.

8. Frå Tibhat og Kun, to byar som høyrde til Hadadeser, tok David bronse i store mengder. Av den laga Salomo bronsehavet, søylene og bronsekara.

9. Då To'u, kongen i Hamat, fekk høyra at David hadde vunne over heile hæren til Hadadeser, kongen i Soba,

1. Krønikebok 18