13. Eg vil vera far for han, og han skal vera son for meg. Mi miskunn vil eg ikkje ta frå han, så som eg gjorde med han som var før deg.
14. Eg vil for alltid setja han over mitt hus og mitt rike, og kongsstolen hans skal stå støtt til evig tid.
15. Alle desse orda og heile dette synet bar Natan fram for David.
16. Då gjekk kong David inn og sette seg for Herrens andlet. Han sa: Kven er vel eg, Herre Gud, og kva er mitt hus, sidan du har ført meg så langt?
17. Og endå var dette for lite i dine auge, Gud. Du har gjeve huset til tenaren din lovnader langt fram i tida. Og du har sett på meg som på ein mann av høg rang, Herre Gud.
18. Kva kan David leggja til den æra du har vist din tenar? Du kjenner då tenaren din.
19. Herre, for din tenar skuld og etter ditt eige hjarte har du gjort alt dette store og kunngjort så store ting.
20. Herre, det er ingen som du, og det finst ingen Gud utan du, etter alt vi har høyrt med våre eigne øyre.
21. Kven er som Israel, folket ditt? Det er det einaste folket på jorda som Gud kom til og fria ut for å gjera til sitt eige folk. Med store og skremmande gjerningar skapte du deg eit namn då du dreiv bort folkeslag for folket ditt, som du fria ut av Egypt.
22. Du sette Israel, folket ditt, til å vera ditt folk til evig tid. Og du, Herre, vart deira Gud.
23. Lat no, Herre, det ordet du har tala om tenaren din og huset hans, stå fast til evig tid, og gjer som du har sagt!
24. Ja, lat det stå fast! Då skal namnet ditt vera stort til evig tid, så folk kjem til å seia: Herren over hærskarane, Israels Gud, er Gud for Israel! Og huset til David, tenaren din, skal stå urokka for ditt andlet.
25. For du, min Gud, har sagt til tenaren din at du vil byggja han eit hus. Difor har eg våga å be til deg.
26. Og no, Herre, du er Gud, og du har gjeve tenaren din denne store lovnaden.
27. Måtte du frå no av velsigna huset til tenaren din så det alltid må stå urokka for ditt andlet. For du, Herre, velsignar og er velsigna til evig tid.