27. Høgd og herlegdom er framfor han,makt og glans på hans heilage stad.
28. Gjev Herren ære, de folk og slekter,gjev Herren ære og makt!
29. Gjev Herren den ære hans namn skal ha.Kom fram for han med gåver!Bøy dykk for Herreni heilag prakt!
30. Skjelv for han, all jorda!Verda står fast, ho kan ikkje rokkast.
31. Himmelen skal gleda seg, jorda skal jubla.Dei skal forkynna mellom folka at Herren er konge.
32. Havet og alt som fyller det, skal brusa.Marka skal jubla med alt ho ber.
33. Då ropar kvart tre i skogen av frydfor Herrens andlet,for han kjem for å dømma jorda.
34. Takk Herren, for han er god,evig varer hans miskunn!
35. De skal seia: Frels oss, Gud, vår frelsar.Sank oss inn og berg oss frå folka,så vi kan prisa ditt heilage namnog uredde lovsyngja deg.
36. Velsigna er Herren, Israels Gud,frå æve til æve!Og heile folket sa «amen» og prisa Herren.
37. David lét Asaf og songbrørne hans vera der framfor Herrens paktkiste. Dei skulle ha som fast oppgåve å gjera teneste framfor kista, som det var fastsett for kvar dag,