1. Krønikebok 16:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dei førte Guds paktkiste inn og sette henne i det teltet som David hadde reist for henne, og dei bar fram brennoffer og fredsoffer for Gud.

2. Då David var ferdig med å bera fram brennofferet og fredsofferet, velsigna han folket i Herrens namn.

3. Så delte han ut eit rundt brød, ei daddelkake og ei rosinkake til alle israelittane, til kvar mann og kvinne.

4. Han sette nokre av levittane til å gjera teneste framfor Herrens paktkiste, til å påkalla, takka og lovsyngja Herren, Israels Gud.

5. Asaf var den øvste av dei, etter han kom Sakarja, så Asiel, Sjemiramot, Jehiel, Mattitja, Eliab, Benaja, Obed-Edom og Je'iel, alle med harper og lyrer. Asaf skulle slå på symbalane,

1. Krønikebok 16