1. Sidan bygde kongen seg fleire hus i Davidsbyen. Han stelte til ein stad for Guds paktkiste og reiste eit telt for henne.
2. Den gongen sa David: «Ingen andre enn levittane må bera Guds paktkiste; for dei har Herren valt ut til å bera paktkista og til å tena han for alltid.»
3. Så samla David heile Israel i Jerusalem. Dei skulle vera med og føra Herrens paktkiste opp til den staden han hadde stelt til for henne.
4. David kalla saman Aron-sønene og levittane:
5. av Kehat-sønene Uriel, den øvste, og slektningane hans, 120 mann;
6. av Merari-sønene Asaja, den øvste, og slektningane hans, 220 mann;
7. av Gersjom-sønene Joel, den øvste, og slektningane hans, 130 mann;
8. av Elisafan-sønene Sjemaja, den øvste, og slektningane hans, 200 mann;
9. av Hebron-sønene Eliel, den øvste, og slektningane hans, 80 mann;
10. av Ussiel-sønene Amminadab, den øvste, og slektningane hans, 112 mann.
11. Så kalla David til seg prestane Sadok og Ebjatar og levittane Uriel, Asaja, Joel, Sjemaja, Eliel og Amminadab
12. og sa til dei: «De er leiarar for familiane til levittane. Gjer dykk reine og heilage, både de og brørne dykkar, og før så paktkista til Herren, Israels Gud, opp til den staden eg har stelt i stand til henne.
13. Det var fordi de ikkje var med førre gongen, at Herren braut laus mot oss, fordi vi ikkje søkte han på rett vis.»
14. Så gjorde prestane og levittane seg reine og heilage for å føra opp Herren, Israels Gud si paktkiste.
15. Og levittane bar henne på akslene sine etter berestengene, slik som Moses hadde pålagt dei etter Herrens ord.
16. No sa David til dei øvste av levittane at dei skulle la songarane, brørne sine, gjera teneste med musikkinstrument, med harper, lyrer og symbalar. Dei skulle spela og la songen lyda høgt til glede og fest.
17. Då lét levittane Heman, son til Joel, stiga fram, og av slektningane hans Asaf, son til Berekja, og av Merari-sønene, slektningane deira, Etan, son til Kusjaja.