1. Krønikebok 13:11-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. David var opprørt over Herrens plutselege utfall mot Ussa. Han kalla den staden Peres-Ussa, som han heiter den dag i dag.

12. Den dagen vart David gripen av frykt for Gud og sa: «Korleis skulle eg kunna føra Guds paktkiste heim til meg?»

13. Difor flytte han ikkje paktkista opp til seg i Davidsbyen, men sette henne i huset til Obed-Edom frå Gat.

14. Der vart Guds paktkiste ståande i tre månader. Og Herren velsigna Obed-Edom sitt hus og alt det som høyrde han til.

1. Krønikebok 13