1. Filistrane gjekk til kamp mot Israel. Då flykta israelittane for dei, og det låg mange falne på Gilboa-fjellet.
2. Filistrane var like i hælane på Saul og sønene hans, og dei felte Jonatan, Abinadab og Malkisjua, sønene til Saul.
3. Saul var hardt pressa i kampen; bogeskyttarane kom over han, og han skalv av redsle for dei.
4. Då sa Saul til våpenberaren sin: «Dra sverdet ditt og støyt det gjennom meg, så ikkje desse uomskorne skal koma og mishandla meg.» Men våpenberaren ville ikkje; han var for redd. Då tok Saul sjølv sverdet og styrta seg mot det.
5. Då våpenberaren såg at Saul var død, styrta han seg mot sverdet sitt og følgde han i døden.
6. Slik døydde Saul og dei tre sønene hans, og heile hans hus døydde ut med han.