10. Og til dei som er gifte, har eg dette bodet, ikkje frå meg, men frå Herren: Ei kone skal ikkje skilja seg frå mannen sin –
11. om ho skil seg, skal ho leva ugift eller forlika seg med mannen – og ein mann skal ikkje skilja seg frå kona si.
12. Til dei andre seier eg, og ikkje Herren: Om ein kristen bror har ei kone som ikkje trur, og ho gjerne vil bli buande saman med han, skal han ikkje skilja seg frå henne.
13. Og om ei kone har ein mann som ikkje trur, og han gjerne vil bli buande saman med henne, skal ho ikkje skilja seg frå mannen.
14. For mannen som ikkje trur, blir helga ved kona, og kona som ikkje trur, blir helga ved mannen fordi han er ein truande bror. Elles hadde borna dykkar vore ureine, men no er dei heilage.