6. Her har eg brukt meg sjølv og Apollos som døme for dykk, sysken. Av oss skal de læra å «ikkje gå ut over det som står skrive», så ingen blæs seg opp og held med den eine framfor den andre.
7. Kven har sett deg høgare enn andre? Kva anna har du enn det du har fått? Og har du fått noko, kvifor skryter du då, som om du ikkje hadde fått det i gåve?
8. Men de er alt mette! De har alt vorte rike, ja, de har vorte kongar, men utan oss! Ja, hadde de endå vorte kongar, så kunne vi styra saman med dykk!
9. Men for meg ser det ut til at Gud har gjeve oss apostlar den lågaste plassen. Vi er som dødsdømde, stilte fram som eit skodespel for verda, både for englar og for menneske.
10. Vi er dårar for Kristi skuld, de er dei kloke i Kristus. Vi er veike, de er sterke. De får ære, vi får skam.
11. Heilt fram til no har vi både svolte og tørsta, vi manglar klede, vi blir slegne, dreg heimlause omkring
12. og strevar for å livberga oss med våre eigne hender. Når vi blir utskjelte, velsignar vi. Når vi blir forfølgde, held vi ut.
13. Når nokon spottar oss, svarar vi venleg. Vi har vorte som utskot i verda, som avskum for alle – til denne dag.
14. Eg skriv ikkje dette for å gjera dykk skamfulle, men fordi de er mine kjære born, vil eg visa dykk til rette.