1. Korintar 3:19-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. For visdomen i denne verda er dårskap i Guds auge. For det står skrive: Han fangar dei vise i deira list,

20. og ein annan stad: Herren kjenner tankane til dei vise, han veit at dei er tomme.

21. Difor må ingen skryta av å vera tilhengjar av menneske. For alt høyrer dykk til,

22. anten det er Paulus, Apollos eller Kefas, anten det er verda, livet eller døden, det som no er, eller det som koma skal. Alt høyrer dykk til,

23. men de høyrer Kristus til, og Kristus høyrer Gud til.

1. Korintar 3