1. Korintar 2:3-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk.

4. Og eg bar ikkje fram bodskapen min med overtydande visdomsord, men med Ande og kraft som prov.

5. For trua dykkar skulle ikkje byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft.

6. Men vi forkynner ein visdom for dei som er mogne, ein visdom som ikkje høyrer denne verda til, eller herrane i denne verda, dei som går til grunne.

7. Nei, vi forkynner eit mysterium, Guds løynde visdom. Før tidene tok til, hadde Gud fastsett at denne visdomen skulle føra oss fram til herlegdomen.

1. Korintar 2