1. Då eg kom til dykk, sysken, var det ikkje med meisterskap i talekunst eller visdom eg forkynte Guds mysterium.
2. For eg hadde fastsett at eg ikkje ville vita av noko anna hos dykk enn Jesus Kristus og han krossfest.
3. Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk.
4. Og eg bar ikkje fram bodskapen min med overtydande visdomsord, men med Ande og kraft som prov.
5. For trua dykkar skulle ikkje byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft.
6. Men vi forkynner ein visdom for dei som er mogne, ein visdom som ikkje høyrer denne verda til, eller herrane i denne verda, dei som går til grunne.