1. Korintar 15:50-58 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

50. Men det seier eg, sysken, at kjøt og blod kan ikkje arva Guds rike, og det som er forgjengeleg, skal ikkje arva det uforgjengelege.

51. Sjå, eg seier dykk ein løyndom: Vi skal ikkje alle sovna inn, men vi skal alle bli omskapte,

52. i hast, i ein augneblink, når den siste basunen lyder. For basunen skal lyda, og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal bli omskapte.

53. For dette forgjengelege må bli kledd i uforgjengelegdom, og dette dødelege kledd i udødelegdom.

54. Men når dette forgjengelege er ikledd uforgjengelegdom og dette dødelege er ikledd udødelegdom, då blir det ordet oppfylt som står skrive: Døden er slukt og sigeren vunnen.

55. Død, kvar er din brodd? Død, kvar er din siger?

56. Brodden i døden er synda, og krafta i synda er lova.

57. Men Gud vere takk som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus!

58. Difor, mine kjære sysken, ver støe og urikkelege. Ta stadig rik del i Herrens gjerning! For de veit at i Herren er ikkje arbeidet dykkar nyttelaust.

1. Korintar 15