1. Korintar 14:15-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Kva så? Eg vil be med ånda, men eg vil òg be med forstanden. Eg vil lovsyngja med ånda, men eg vil òg lovsyngja med forstanden.

16. For om du lovar Gud i ånda, korleis kan då ein som er til stades og ikkje skjønar dette, seia «amen» til di takkebøn? Han veit ikkje kva du seier.

17. Du held nok ei god takkebøn, men ingen annan blir oppbygd av det.

18. Eg takkar Gud for at eg talar meir i tunger enn nokon av dykk.

19. Men når forsamlinga er samla, vil eg heller tala fem ord med forstanden så eg kan læra andre noko, enn tusenvis av ord i tunger.

20. Mine sysken, ver ikkje born når det gjeld forstand! I vondskap skal de vera born, men i forstand skal de vera fullvaksne.

21. Det står skrive i lova: Gjennom folk med andre tungemål og med andre språk på leppene skal eg tala til dette folket, men endå vil dei ikkje høyra på meg,seier Herren.

22. Så er tungetalen eit teikn, ikkje for dei truande, men for dei som ikkje trur. Men profettalen er eit teikn, ikkje for dei som ikkje trur, men for dei truande.

23. Om no heile forsamlinga kjem og er samla og alle talar i tunger, og det kjem inn utanforståande eller menneske som ikkje trur, vil dei ikkje då seia at de har gått frå vitet?

24. Men om alle talar profetisk og det kjem inn ein utanforståande eller ein som ikkje trur, då vil han kjenna seg skulda av alle, ja, dømd av alle.

25. Dei løynde tankane i hjartet hans kjem for dagen, og han vil kasta seg ned med andletet mot jorda, tilbe Gud og ropa ut: Gud er sanneleg midt imellom dykk!

26. Kva inneber så dette, sysken? Når de kjem saman, har kvar av dykk noko å gje. Den eine har ein salme, den andre eit ord til lærdom, ein har ei openberring, ein har tungetale, og ein annan har tydinga. Men lat alt tena til oppbygging!

27. Talar nokon i tunger, skal det ikkje vera meir enn to eller høgst tre om gongen. De skal tala éin om gongen, og éin må tyda.

28. Er det ingen som kan tyda, skal den som talar i tunger, teia i forsamlinga. Han kan tala for seg sjølv og for Gud.

29. Lat to eller tre tala profetisk, og lat dei andre prøva det som blir sagt.

30. Men får ein annan ei openberring medan han sit der, skal den første teia.

31. For de kan alle tala profetisk, men berre ein om gongen, så alle kan læra og alle få nytt mot.

32. Profetar kan styra dei profetiske åndene dei har.

33. For Gud er ikkje uordens Gud, men freds Gud.Liksom i alle forsamlingar av dei heilage

34. skal kvinnene teia når forsamlinga kjem saman. Dei har ikkje lov til å tala; dei skal underordna seg, som òg lova seier.

1. Korintar 14