1. Korintar 14:11-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Kjenner eg ikkje språket, blir eg ein framand for den som talar, og den som talar, blir ein framand for meg.

12. På same måten er det med dykk: Når de er så ivrige etter åndsgåvene, så søk å bli rike på gåver som byggjer opp forsamlinga!

13. Difor skal den som talar i tunger, be om at han må kunna tyda det.

14. For om eg bed i tunger, så bed mi ånd, men forstanden min har ikkje nytte av det.

15. Kva så? Eg vil be med ånda, men eg vil òg be med forstanden. Eg vil lovsyngja med ånda, men eg vil òg lovsyngja med forstanden.

16. For om du lovar Gud i ånda, korleis kan då ein som er til stades og ikkje skjønar dette, seia «amen» til di takkebøn? Han veit ikkje kva du seier.

17. Du held nok ei god takkebøn, men ingen annan blir oppbygd av det.

18. Eg takkar Gud for at eg talar meir i tunger enn nokon av dykk.

19. Men når forsamlinga er samla, vil eg heller tala fem ord med forstanden så eg kan læra andre noko, enn tusenvis av ord i tunger.

20. Mine sysken, ver ikkje born når det gjeld forstand! I vondskap skal de vera born, men i forstand skal de vera fullvaksne.

21. Det står skrive i lova: Gjennom folk med andre tungemål og med andre språk på leppene skal eg tala til dette folket, men endå vil dei ikkje høyra på meg,seier Herren.

22. Så er tungetalen eit teikn, ikkje for dei truande, men for dei som ikkje trur. Men profettalen er eit teikn, ikkje for dei som ikkje trur, men for dei truande.

23. Om no heile forsamlinga kjem og er samla og alle talar i tunger, og det kjem inn utanforståande eller menneske som ikkje trur, vil dei ikkje då seia at de har gått frå vitet?

24. Men om alle talar profetisk og det kjem inn ein utanforståande eller ein som ikkje trur, då vil han kjenna seg skulda av alle, ja, dømd av alle.

1. Korintar 14