1. Kongebok 8:54-64 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

54. Då Salomo hadde enda heile denne bøna til Herren om nåde, reiste han seg opp framfor Herrens altar, der han hadde lege på kne med hendene utbreidde mot himmelen.

55. Ståande velsigna han heile Israels forsamling med høg røyst og sa:

56. Velsigna er Herren som har gjeve Israel, folket sitt, ro, så som han lova. Ikkje eitt av alle dei gode orda som han tala gjennom Moses, tenaren sin, har falle til jorda.

57. Måtte Herren vår Gud vera med oss slik han var med fedrane våre! Måtte han ikkje forlata oss og ikkje støyta oss frå seg,

58. men bøya hjartet vårt til seg, så vi går på vegane hans og held dei boda, forskriftene og lovene som han la på fedrane våre.

59. Måtte desse orda mine som eg har bede for Herrens andlet, vera nær Herren vår Gud dag og natt, så han hjelper tenaren sin og Israel, folket sitt, til retten dei treng dag for dag.

60. Då skal alle folk på jorda sanna at Herren er Gud, han og ingen annan.

61. Hald dykk heilhjarta til Herren vår Gud, så de følgjer forskriftene hans og held boda, som de gjer i dag.

62. Så ofra kongen og heile Israel med han slaktoffer til Herren.

63. Og Salomo bar fram fredsofferet for Herren. Det var 22 000 oksar og 120 000 sauer. Slik vigsla kongen og alle israelittane Herrens hus.

64. Same dagen helga kongen den midtre delen av føregarden framfor Herrens hus. Der bar han fram brennofferet, grødeofferet og feittstykka frå fredsofferet. For bronsealtaret som stod for Herrens andlet, var for lite til å rømma både brennofferet, grødeofferet og feittstykka frå fredsofferet.

1. Kongebok 8