1. Kongebok 8:34-46 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

34. då må du høyra det i himmelen og tilgje Israel, folket ditt, synda deira. Før dei tilbake til det landet du gav fedrane deira.

35. Når himmelen er stengd så det ikkje kjem regn fordi dei har synda mot deg, men dei så bed til deg, vende mot denne staden, prisar namnet ditt og vender om frå synda si fordi du har audmjuka dei,

36. då må du høyra det i himmelen og tilgje tenaren din og Israel, folket ditt, synda deira. For du lærer dei den gode vegen dei skal gå. Send då regn over landet ditt, landet du har gjeve folket ditt som eigedom.

37. Når det blir hunger og naud i landet, når det kjem pest, når det kjem kornsot og svartrust, grashopper og larvar, når fienden kringset byane i landet – same kva slag plage og sjukdom det er –

38. og så ein eller annan eller heile folket ditt, Israel, ber fram bøner og rop om nåde fordi dei kjenner at det stikk dei i hjartet, og breier ut hendene sine mot dette huset,

39. då må du høyra det i himmelen der du tronar. Tilgjev, grip inn og gjev kvar og ein att etter framferda hans, du som kjenner hjartet hans. For du er den einaste som kjenner hjartet i kvart menneske!

40. Så skal dei frykta deg alle dei dagane dei lever i landet du gav fedrane våre.

41. Det kan òg henda at framande som ikkje høyrer til Israel, folket ditt, kjem frå eit land langt borte for ditt namn skuld.

42. For dei får nok høyra om ditt store namn, di sterke hand og din utstrekte arm. Når dei så kjem og bed, vende mot dette huset,

43. då må du høyra dei i himmelen der du tronar, og gjera alt det dei ropar til deg om! Slik skal alle folk på jorda læra namnet ditt å kjenna, og dei skal frykta deg liksom ditt eige folk, Israel, og sanna at namnet ditt er nemnt over dette huset som eg har bygd.

44. Når folket ditt dreg ut i krig mot fienden, kvar du så sender dei, og dei bed til Herren, vende mot den byen som du har valt deg ut, og mot det huset som eg har bygd for namnet ditt,

45. då må du i himmelen høyra bønene deira og ropa om nåde og hjelpa dei til deira rett.

46. Når folket syndar mot deg – for det finst ikkje noko menneske som ikkje syndar – så blir du harm på dei og gjev dei i fiendens hand, som fører dei i fangenskap, til fiendelandet, anten det no er langt borte eller nær.

1. Kongebok 8