1. Kongebok 3:12-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. så vil eg gjera det du har bede om. Eg gjev deg eit vist og vitug hjarte. Aldri før har det vore nokon som deg, og din like skal heller aldri koma.

13. Og det du ikkje bad om, vil eg gje deg, både rikdom og ære. Så lenge du lever, skal det ikkje finnast din like mellom kongane.

14. Og ferdast du på mine vegar og held lovene og boda mine, liksom David, far din, gjorde, så skal eg gje deg eit langt liv.»

15. Salomo vakna. Det hadde vore ein draum. Og då han kom til Jerusalem, steig han fram for Herrens paktkiste. Han ofra brennoffer, bar fram fredsoffer og heldt festmåltid for alle tenarane sine.

16. Seinare ein gong steig det to prostituerte kvinner fram for kongen.

17. Den eine sa: «Høyr på meg, herre! Eg og den kvinna der bur i same huset. Så fekk eg eit barn medan ho var heime.

18. Tredje dagen etter at eg hadde fødd, fødde også denne kvinna. Der var vi åleine, vi to. Det fanst ingen framand hos oss i huset, berre vi to var heime åleine.

19. Ei natt døydde sonen til denne kvinna, for ho kom til å liggja på han.

20. Då stod ho opp midt på natta og tok guten or armane mine medan eg sov. Ho la han ved barmen sin, og sin eigen døde gut la ho ved min barm.

21. Då eg stod opp om morgonen og skulle gje guten bryst, var han død. Men då eg såg på han i morgonlyset, var det ikkje guten min, han eg hadde fødd.»

22. Då sa den andre kvinna: «Nei, det er min gut som lever, og din som er død.» Men den første svara: «Nei, det er din gut som er død, og min som lever.» Slik stod dei og tretta framfor kongen.

23. Då sa kongen: «Den eine seier: Det er min son som lever, og din son er død. Og den andre seier: Nei, det er din son som er død, og min son lever.

24. Hent eit sverd til meg!» sa kongen. Dei kom inn til kongen med eit sverd,

25. og han sa: «Hogg det levande barnet i to, og lat dei to kvinnene få kvar sin halvpart.»

26. Då sa den kvinna som var mor til det levande barnet, til kongen, for hjartet brann for hennar barn: «Høyr på meg, min herre! Lat henne få den guten som lever, og drep han ikkje!» Men den andre sa: «Barnet skal verken vera mitt eller ditt. Berre hogg til!»

1. Kongebok 3