8. Israels-kongen svara: «Det finst endå ein som vi kunne få til å spørja Herren. Men eg hatar han, for han profeterer aldri noko godt om meg, berre vondt. Det er Mika, son til Jimla.» Josjafat sa: «Kongen skulle ikkje tala så!»
9. Då ropa Israels-kongen på ein av hoffmennene og sa: «Skund deg og hent Mika, son til Jimla!»
10. Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, sat i kongeleg skrud på kvar sin kongsstol, på ein treskjeplass ved byporten i Samaria, og alle profetane stod framfor dei og profeterte.
11. Sidkia, son til Kenaana, laga seg horn av jern og sa: «Så seier Herren: Med desse skal du stanga aramearane til du får gjort ende på dei.»
12. Alle profetane profeterte like eins og sa: «Far opp mot Ramot i Gilead, så skal du ha lukka med deg. Herren vil gje byen i kongens hender.»
13. Sendebodet som hadde gått for å henta Mika, sa til han: «Høyr her! Dei andre profetane profeterer med éin munn at det skal gå kongen vel. Lat no dine ord vera som deira og spå godt, du òg!»
14. Men Mika svara: «Så sant Herren lever: Det Herren seier til meg, det må eg tala.»
15. Då han kom fram, sa kongen til han: «Mika, skal vi dra i krig mot Ramot i Gilead, eller skal vi la det vera?» Han svara: «Far opp dit, så skal du ha lukka med deg! Herren vil gje byen i hendene på kongen.»
16. Men kongen sa til han: «Kor mange gonger skal eg la deg sverja på at du ikkje seier meg anna enn sanninga i Herrens namn?»
17. Då sa Mika: «Eg såg heile Israel spreidd utover fjella som sauer utan gjetar. Og Herren sa: Dei har ingen herre. Lat dei fara heim att i fred, kvar til sitt!»
18. Då sa Israels-kongen til Josjafat: «Var det ikkje det eg sa til deg? Han profeterer aldri noko godt om meg, berre vondt.»
19. Mika sa: Så høyr då Herrens ord! Eg såg Herren sitja på kongsstolen sin, og heile himmelhæren stod omkring han, somme på høgre og somme på venstre sida.