1. Kongebok 22:15-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Då han kom fram, sa kongen til han: «Mika, skal vi dra i krig mot Ramot i Gilead, eller skal vi la det vera?» Han svara: «Far opp dit, så skal du ha lukka med deg! Herren vil gje byen i hendene på kongen.»

16. Men kongen sa til han: «Kor mange gonger skal eg la deg sverja på at du ikkje seier meg anna enn sanninga i Herrens namn?»

17. Då sa Mika: «Eg såg heile Israel spreidd utover fjella som sauer utan gjetar. Og Herren sa: Dei har ingen herre. Lat dei fara heim att i fred, kvar til sitt!»

18. Då sa Israels-kongen til Josjafat: «Var det ikkje det eg sa til deg? Han profeterer aldri noko godt om meg, berre vondt.»

19. Mika sa: Så høyr då Herrens ord! Eg såg Herren sitja på kongsstolen sin, og heile himmelhæren stod omkring han, somme på høgre og somme på venstre sida.

20. Då spurde Herren: «Kven vil lokka Ahab så han fer opp mot Ramot i Gilead og fell der?» Ein svara så og ein annan så.

21. Då gjekk ei ånd fram, stilte seg for Herrens andlet og sa: «Eg skal lokka han.» «Korleis?» spurde Herren.

22. Ho svara: «Eg vil fara av stad og vera ei løgnarånd i munnen på alle profetane hans.» Då sa Herren: «Ja, du skal lokka han, og det skal lukkast for deg òg. Far av stad og gjer så!»

1. Kongebok 22