1. Kongebok 21:27-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

27. Då Ahab høyrde kva Elia sa, reiv han sund kleda sine, batt sekkestrie om kroppen og fasta. Han sov i sekkestrien og gjekk stilt omkring.

28. Då kom Herrens ord til Elia frå Tisjbe:

29. «Har du sett at Ahab har audmjuka seg for meg? Fordi han audmjuka seg, vil eg ikkje la ulukka koma i hans tid. Men i tida til son hans vil eg la ulukka koma over hans hus.»

1. Kongebok 21