1. Kongebok 21:13-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Då kom dei to vondsinna mennene og sette seg midt imot han. Dei vitna mot han så folket høyrde det, og sa: «Nabot har forbanna Gud og kongen.» Og dei førte han ut av byen og steina han til døde.

14. Så sende dei bod til Jesabel og sa: «Nabot har vorte steina. Han er død.»

15. Så snart Jesabel fekk høyra at Nabot var steina til døde, sa ho til Ahab: «Stå opp og ta vingarden til Nabot frå Jisreel i eige, den som han nekta å selja deg for pengar! For Nabot lever ikkje lenger; han er død.»

16. Då Ahab høyrde at Nabot var død, stod han opp og gjekk ned til vingarden for å ta han i eige.

17. Då kom Herrens ord til Elia frå Tisjbe:

18. «Stå opp, gå ned og møt Ahab, Israels-kongen, som bur i Samaria! No er han i vingarden til Nabot; han er nett gått dit ned for å ta han i eige.

19. Tal til han og sei: Så seier Herren: Har du ikkje myrda, og no har du alt teke over eigedomen? Deretter skal du tala til han og seia: Så seier Herren: På den staden der hundane sleikte blodet til Nabot, skal dei sleikja ditt blod òg.»

20. Ahab sa til Elia: «Har du funne meg no, uvenen min?» Han svara: «Ja, eg har funne deg. Fordi du har selt deg til å gjera det som er vondt i Herrens auge,

21. fører eg no ulukke over deg. Så vil eg feia etter deg og rydda ut alle mannfolk i Ahab-ætta i Israel, både fange og fri.

1. Kongebok 21