1. Ei tid etter hende dette: Nabot, ein mann i Jisreel, hadde ein vingard. Han låg ved sida av eit slott som høyrde Ahab, kongen i Samaria, til.
2. Ahab tala med Nabot og sa: «Lat meg få vingarden din! Eg vil ha han til grønsakhage, for han ligg like ved huset mitt. Eg skal gje deg ein betre vingard i staden, eller om du så vil, gje deg det han er verd i pengar.»
3. Men Nabot svara Ahab: «Herren fri meg frå å gje deg fedrearven min!»
4. Så gjekk Ahab heim, motlaus og bitter fordi Nabot frå Jisreel hadde svara han slik og sagt: «Eg gjev deg ikkje fedrearven min.» Han kasta seg på senga, vende andletet bort og ville ikkje eta.
5. Då kom kona hans, Jesabel, inn og spurde: «Kvifor er du så mismodig og smakar ikkje mat?»
6. Han svara: «Eg tala med Nabot frå Jisreel og sa til han: Sel meg vingarden din for pengar, eller om du vil, byt med meg i ein annan vingard. Men han svara: Eg vil ikkje gje deg vingarden min.»
7. Då sa kona hans, Jesabel, til han: «No får du visa at det er du som er konge i Israel! Stå opp, få deg mat og ver ved godt mot! Eg skal syta for at du får vingarden til Nabot frå Jisreel.»
8. Så skreiv Jesabel eit brev i Ahabs namn, sette seglet hans på og sende det til dei eldste og stormennene som budde i same byen som Nabot.
9. I brevet skreiv ho: «Rop ut ei faste, og lat Nabot sitja øvst mellom folket!
10. Set to vonde menn midt imot han, så dei kan vitna mot han og seia: Du har forbanna Gud og kongen. Før han så ut og stein han i hel!»
11. Mennene i byen hans, dei eldste og stormennene i Jisreel, gjorde det Jesabel hadde sendt bod til dei om, slik som det stod i brevet ho hadde sendt dei.
12. Dei ropa ut ei faste og lét Nabot sitja øvst mellom folket.
13. Då kom dei to vondsinna mennene og sette seg midt imot han. Dei vitna mot han så folket høyrde det, og sa: «Nabot har forbanna Gud og kongen.» Og dei førte han ut av byen og steina han til døde.