1. Kongebok 20:26-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Ved årsskiftet mønstra Ben-Hadad aramearhæren. Han drog opp til Afek for å kjempa mot Israel.

27. Israelittane vart òg kalla til våpen og fekk utstyr. Dei drog ut mot aramearane og leira seg midt imot dei som to små geiteflokkar, medan aramearhæren fylte heile landet.

28. Då steig gudsmannen fram for Israels-kongen og sa til han: «Så seier Herren: Fordi aramearane har sagt at Herren berre er ein fjellgud og ikkje ein gud i dalane, så vil eg gje heile denne store flokken i di hand, og de skal sanna at eg er Herren.»

29. I sju dagar låg hærane midt imot einannan. Den sjuande dagen byrja krigen. Israelittane felte på ein dag hundre tusen mann av fotfolket til aramearane.

30. Dei som var att, flykta til byen Afek. Men bymuren ramla ned over dei 27 000 mennene som var att.Ben-Hadad flykta òg. Han flykta inn i byen og sprang frå rom til rom.

31. Då sa mennene hans til han: «Vi har høyrt at kongane av Israels hus er forsonlege. Lat oss binda sekkestrie om hoftene og leggja tau om hovudet og så gå ut til Israels-kongen! Kanskje han då lèt deg få leva.»

1. Kongebok 20