1. Kongebok 2:22-41 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Men kong Salomo tok til orde og sa til mor si: «Kvifor bed du om Abisjag frå Sjunem for Adonja? Du kan like godt be om kongsmakta for han. Han er då storebror min, og har presten Abjatar og Joab, son til Seruja, på si side.»

23. Og kong Salomo svor ved Herren og sa: «Gud la det gå meg ille både no og sidan om ikkje dette skal kosta Adonja livet!

24. Så sant Herren lever, han som har sett meg på kongsstolen etter David, far min, og grunnlagt ei kongsætt for meg, slik som han lova – Adonja skal døy, og det i dag!»

25. Så sende kong Salomo Benaja, son til Jojada, i veg. Han hogg ned Adonja, og slik døydde han.

26. Kongen sa til presten Abjatar: «Far heim til åkrane dine i Anatot! Du fortener døden, men eg vil ikkje drepa deg i dag, for du har bore paktkista til Herren Gud framfor David, far min. Du har lide alt det han laut lida.»

27. Så dreiv Salomo Abjatar bort og lét han ikkje få vera prest for Herren lenger. Såleis vart det oppfylt, det ordet som Herren hadde tala mot Elis hus i Sjilo.

28. Då dette kom Joab for øyra – han hadde støtta Adonja, men ikkje Absalom – rømde han til Herrens telt og greip om altarhorna.

29. Salomo fekk melding om at Joab hadde rømt til Herrens telt og heldt seg nær altaret. Då sende han Benaja, son til Jojada, i veg og sa: «Gå og hogg han ned!»

30. Då Benaja kom til Herrens telt, sa han til Joab: «Kongen seier at du skal koma ut.» Men han svara: «Nei, her vil eg døy.»Benaja gjekk tilbake til kongen og fortalde kva Joab hadde sagt og svara.

31. Då sa kongen til han: «Gjer som han seier! Hogg han ned og få han i jorda! Så friar du meg og farshuset mitt frå blodet til dei skuldfrie som Joab lét renna.

32. Herren vil la blodet koma over hovudet hans! Han hogg ned to menn som var betre og meir rettferdige enn han: Abner, son til Ner, hærføraren i Israel, og Amasa, son til Jeter, hærføraren i Juda. Han drap dei med sverd utan at David, far min, visste om det.

33. Måtte deira blod for alltid koma over Joab og ætta hans. Men David og ætta hans, huset og kongsstolen hans skal Herren gje fred til alle tider.»

34. Så gjekk Benaja, son til Jojada, opp og hogg ned Joab og drap han. Han vart gravlagd på heimstaden sin i ørkenen.

35. Kongen sette Benaja, son til Jojada, til hærførar etter Joab. Og han sette Sadok til prest etter Abjatar.

36. Så sende kongen bod etter Sjimi og sa til han: «Bygg deg eit hus i Jerusalem! Der skal du bu, og derifrå skal du ikkje fara bort.

37. Det skal du vita at den dagen du tek ut og går over Kedron-bekken, er du dømd til å døy. Blodet ditt skal renna over ditt eige hovud.»

38. Sjimi svara kongen: «Ja vel, tenaren din skal retta seg etter din vilje, herre konge.» Og Sjimi vart buande lenge i Jerusalem.

39. Men då tre år var lidne, rømde to av Sjimis slavar til kongen i Gat, Akisj, son til Maaka. Då Sjimi fekk vita at slavane var i Gat,

40. gjorde han seg ferdig og sala eselet sitt. Han gav seg i veg til Akisj i Gat for å krevja slavane sine tilbake. Sjimi fór av stad og henta slavane frå Gat.

41. Salomo fekk melding om at Sjimi hadde fare frå Jerusalem til Gat og no var komen tilbake.

1. Kongebok 2