38. Då fór Herrens eld ned og øydde både brennofferet og veden, steinane og jorda, og sleikte opp vatnet som var i grøfta.
39. Då folket såg det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda og sa: «Herren, han er Gud! Herren, han er Gud!»
40. Elia sa til dei: «Ta Baal-profetane! Lat ikkje ein av dei sleppa unna!» Då tok dei Baal-profetane, og Elia førte dei ned til Kisjon-bekken og drap dei der.
41. Sidan sa Elia til Ahab: «No kan du gå opp og eta og drikka; for eg høyrer susen av styrtregn.»
42. Då gjekk Ahab opp for å eta og drikka. Og Elia steig opp på toppen av Karmel og bøygde seg mot jorda med andletet mellom knea.
43. Så sa han til tenaren sin: «Gå opp og sjå ut mot havet!» Guten gjekk opp og såg utover, men sa: «Det er ingenting å sjå.» Sju gonger sa Elia: «Gå opp att!»
44. Sjuande gongen sa guten: «Eg ser ei lita sky, ikkje større enn ei menneskehand, stiga opp av havet.» Då sa Elia: «Gå og sei til Ahab at han må spenna føre og fara heim, så ikkje regnet skal hefta han!»
45. I mellomtida mørkna himmelen til med skyer og vind, og det kom stridregn. Ahab steig opp i vogna si og køyrde til Jisreel.
46. Men Herrens hand kom over Elia. Han batt opp kjortelen og sprang føre Ahab heilt til Jisreel.