32. Av desse steinane bygde han eit altar i Herrens namn. Og rundt ikring altaret grov han ei grøft som svara til ein åker som tek to sea såkorn.
33. Han la veden til rette, delte opp oksen og la han oppå veden.
34. Så sa han: «Fyll fire krukker med vatn og aus det ut over brennofferet og veden!» Og han sa: «Gjer det ein gong til!» Så gjorde dei det andre gongen. Då sa han: «Gjer det endå ein gong!» Så gjorde dei det tredje gongen.
35. Vatnet rann rundt ikring altaret. Til og med grøfta fylte han med vatn.
36. Då tida for grødeofferet var komen, steig profeten Elia fram og sa: «Herre, Abrahams, Isaks og Israels Gud! Lat det i dag bli kjent at du er Gud i Israel, at eg er tenaren din, og at det er på ditt ord eg har gjort alt dette.
37. Svar meg, Herre! Svar meg, så dette folket skjønar at du, Herre, er Gud, og at du har vendt hjartet deira til deg igjen.»
38. Då fór Herrens eld ned og øydde både brennofferet og veden, steinane og jorda, og sleikte opp vatnet som var i grøfta.
39. Då folket såg det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda og sa: «Herren, han er Gud! Herren, han er Gud!»
40. Elia sa til dei: «Ta Baal-profetane! Lat ikkje ein av dei sleppa unna!» Då tok dei Baal-profetane, og Elia førte dei ned til Kisjon-bekken og drap dei der.
41. Sidan sa Elia til Ahab: «No kan du gå opp og eta og drikka; for eg høyrer susen av styrtregn.»
42. Då gjekk Ahab opp for å eta og drikka. Og Elia steig opp på toppen av Karmel og bøygde seg mot jorda med andletet mellom knea.
43. Så sa han til tenaren sin: «Gå opp og sjå ut mot havet!» Guten gjekk opp og såg utover, men sa: «Det er ingenting å sjå.» Sju gonger sa Elia: «Gå opp att!»