1. Kongebok 18:25-41 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Då sa Elia til Baal-profetane: «Vel dykk ein av oksane og stell han til først, sidan de er flest! Kall så på guden dykkar, men kveik ikkje eld!»

26. Så tok dei den oksen han hadde gjeve dei, stelte han til og kalla på Baals namn frå morgon til middag. «Svar oss, Baal!» sa dei. Men det kom ikkje ein lyd; det var ingen som svara. Imedan hinka og hoppa dei kring altaret dei hadde reist.

27. Då det hadde vorte middag, hånte Elia dei og sa: «Rop høgare! Han er då gud. Han er vel fallen i tankar, eller han har gått avsides eller er ute på reise. Kanskje han søv og må vakna.»

28. Så ropa dei endå høgare og rispa seg med sverd og spyd, som dei hadde for vane, til blodet rann nedover dei.

29. Då det leid over middag, tok dei til å tala over seg. Slik heldt dei på til den tid grødeofferet blir bore fram. Men det kom ikkje ein lyd; det var ingen som svara og ingen som ensa dei.

30. Då sa Elia til folkemengda: «Kom hit til meg!» Og heile folket gjekk bort til han. Så sette han i stand igjen Herrens altar, som var nedrive.

31. Han tok tolv steinar, ein for kvar av stammane etter sønene til Jakob, han som Herren hadde tala dette ordet til: «Israel skal namnet ditt vera.»

32. Av desse steinane bygde han eit altar i Herrens namn. Og rundt ikring altaret grov han ei grøft som svara til ein åker som tek to sea såkorn.

33. Han la veden til rette, delte opp oksen og la han oppå veden.

34. Så sa han: «Fyll fire krukker med vatn og aus det ut over brennofferet og veden!» Og han sa: «Gjer det ein gong til!» Så gjorde dei det andre gongen. Då sa han: «Gjer det endå ein gong!» Så gjorde dei det tredje gongen.

35. Vatnet rann rundt ikring altaret. Til og med grøfta fylte han med vatn.

36. Då tida for grødeofferet var komen, steig profeten Elia fram og sa: «Herre, Abrahams, Isaks og Israels Gud! Lat det i dag bli kjent at du er Gud i Israel, at eg er tenaren din, og at det er på ditt ord eg har gjort alt dette.

37. Svar meg, Herre! Svar meg, så dette folket skjønar at du, Herre, er Gud, og at du har vendt hjartet deira til deg igjen.»

38. Då fór Herrens eld ned og øydde både brennofferet og veden, steinane og jorda, og sleikte opp vatnet som var i grøfta.

39. Då folket såg det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda og sa: «Herren, han er Gud! Herren, han er Gud!»

40. Elia sa til dei: «Ta Baal-profetane! Lat ikkje ein av dei sleppa unna!» Då tok dei Baal-profetane, og Elia førte dei ned til Kisjon-bekken og drap dei der.

41. Sidan sa Elia til Ahab: «No kan du gå opp og eta og drikka; for eg høyrer susen av styrtregn.»

1. Kongebok 18