1. Så gjekk det lang tid. I det tredje året kom Herrens ord til Elia, og det lydde så: «Gå og stig fram for Ahab! Eg vil senda regn over jorda.»
2. Elia gjekk i veg og steig fram for Ahab.Det var stor hungersnaud i Samaria.
3. Då kalla Ahab til seg Obadja, som var borgherre. Obadja hadde stor age for Herren.
4. Den gongen Jesabel ville rydda ut Herrens profetar, tok han hundre profetar og løynde dei i to hòler, femti i kvar hòle, og sytte for mat og drikke til dei.
5. No sa Ahab til han: «Kom, lat oss fara gjennom landet, til alle kjelder og bekker! Kanskje vi finn gras så vi kan halda liv i hestar og muldyr og slepp å slakta noko av buskapen.»
6. Så delte dei landet mellom seg; dei skulle fara gjennom det kvar for seg. Ahab fór éin veg og Obadja ein annan.
7. Medan Obadja var på vegen, fekk han sjå Elia, som kom imot han. Obadja kjende han att, kasta seg ned med andletet mot jorda og sa: «Er det verkeleg du, min herre Elia?»
8. Han svara: «Ja, det er eg. Gå og sei til herren din at Elia er her.»
9. Men Obadja sa: «Kva synd har eg gjort sidan du gjev din tenar i hendene på Ahab og lèt han drepa meg?
10. Så sant Herren din Gud lever: Det finst ikkje det folk eller rike som min herre ikkje har sendt bod til for å spørja etter deg. Når dei så sa: Han er ikkje her, lét han desse rika og folka sverja på at dei ikkje kunne finna deg.
11. Og no seier du at eg skal gå og seia til min herre at Elia er her!
12. Når eg no går frå deg, rykkjer Herrens ande deg bort til ein stad eg ikkje veit om. Kjem eg så og fortel dette til Ahab og han ikkje finn deg, drep han meg. Og eg, tenaren din, har då frykta Herren heilt frå ungdomen av.
13. Har ingen fortalt, herre, kva eg gjorde den gongen Jesabel drap Herrens profetar? Eg løynde dei, hundre i talet, femti mann i kvar hòle, og sytte for mat og drikke til dei.