1. Kongebok 17:2-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Då kom Herrens ord til Elia:

3. «Far bort herifrå, ta vegen mot aust og gøym deg ved bekken Kerit, aust for Jordan!

4. Der skal du drikka av bekken, og eg har sagt frå til ramnane at dei skal syta for mat til deg.»

5. Så gjekk han og gjorde som Herren hadde sagt. Han gjekk til bekken Kerit, aust for Jordan, og slo seg ned der.

1. Kongebok 17