1. Kongebok 17:17-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Etter at dette hende, vart son til kvinna som eigde huset, sjuk. Og sjukdomen tok han så hardt at det til sist ikkje var livspust i han.

18. Då sa ho til Elia: «Kva har eg med deg å gjera, gudsmann? Du er komen til meg for å minna meg om synda mi og få sonen min til å døy.»

19. Han svara: «Gjev meg sonen din!» Så tok han guten frå fanget hennar, bar han opp på takkammeret der han budde, og la han på senga si.

1. Kongebok 17