1. Kongebok 17:10-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Straks gjekk Elia av stad til Sarepta og kom til byporten. Nett då var det ei enkje der som sanka ved. Han ropa til henne og sa: «Du må henta litt vatn til meg i ei skål, så eg får drikka!»

11. Då ho gjekk for å henta det, ropa han etter henne: «Du må òg ta med eit stykke brød til meg!»

12. Ho svara: «Så sant Herren din Gud lever: Eg eig ikkje så mykje som ein brødleiv, berre ein neve mjøl i krukka og litt olje i mugga. No går eg her og sankar eit par vedpinnar, og så vil eg gå heim og laga noko til meg og son min. Når vi har ete det, kan vi leggja oss til å døy.»

13. Elia sa til henne: «Ver ikkje redd! Gå heim og gjer som du har sagt. Men bak først ein liten brødleiv til meg av mjølet, og kom ut til meg med han! Sidan kan du laga til noko åt deg og son din.

14. For så seier Herren, Israels Gud: Mjølkrukka skal ikkje bli tom, og det skal ikkje mangla olje i mugga til den dagen kjem då Herren sender regn over jorda.»

15. Då gjekk ho og gjorde som Elia hadde sagt, og både ho og han og heile hennar hus hadde mat i lang tid.

16. Mjølkrukka vart ikkje tom, og oljen i mugga tok ikkje slutt. Det gjekk som Herren hadde sagt gjennom Elia.

17. Etter at dette hende, vart son til kvinna som eigde huset, sjuk. Og sjukdomen tok han så hardt at det til sist ikkje var livspust i han.

1. Kongebok 17