28. Kvar gong kongen gjekk inn i Herrens hus, bar vaktene desse skjolda og tok dei så med seg tilbake til vaktrommet.
29. Det som elles er å seia om Rehabeam og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.
30. Heile tida var det krig mellom Rehabeam og Jeroboam.
31. Så gjekk Rehabeam til kvile hos fedrane sine, og han vart gravlagd mellom dei i Davidsbyen. Mor hans heitte Naama og var frå Ammon. Son hans, Abia, vart konge etter han.