22. men vende attende og åt brød og drakk vatn på den staden der han hadde sagt at du verken skulle eta brød eller drikka vatn, så skal liket ditt ikkje koma i grava til fedrane dine.»
23. Då gudsmannen som profeten hadde fått med seg attende, hadde ete og drukke, sala profeten eselet for han.
24. Så tok han i veg att. Men på vegen kom det ei løve imot han. Ho drap han, og liket vart slengt ned på vegen. Eselet vart ståande attmed liket, og der stod løva òg.
25. Då kom det nokre menn forbi. Dei såg liket som låg slengt på vegen, og løva som stod attmed det. Då dei kom til byen der den gamle profeten budde, fortalde dei om det dei hadde sett.
26. Då profeten som hadde fått mannen med seg heim frå vegen, fekk høyra det, sa han: «Det er den gudsmannen som trassa Herrens ord. Difor lét Herren løva ta han, og ho har rive han i hel, etter det ordet Herren hadde tala til han.»
27. Så sa profeten til sønene sine: «Sala eselet for meg!» Dei gjorde det,
28. og han tok av stad. Han fann liket slengt i vegen, og eselet og løva som stod ved sida av det. Løva hadde ikkje ete liket og ikkje rive sund eselet.
29. Profeten lyfte opp liket av gudsmannen, la det på eselet og førte det tilbake. Den gamle profeten gjekk til byen og ville halda sørgjehøgtid over gudsmannen og gravleggja han.
30. Han la liket i si eiga grav, og dei heldt sørgjehøgtid over han og ropa: «Å ve, min bror!»
31. Då han hadde gravlagt gudsmannen, sa han til sønene sine: «Når eg døyr, skal de leggja meg i den grava som gudsmannen ligg i. De skal leggja knoklane mine ved sida av knoklane hans.
32. For det skal gå i oppfylling, det ordet han etter Herrens bod ropa mot altaret i Betel og mot alle heilagdomar på haugane ved byane i Samaria.»
33. Heller ikkje etter denne hendinga vende Jeroboam om frå sin vonde veg. Han heldt fram med å setja kven han ville av folket til prestar på offerhaugane. Alle som ønskte det, vigde han til prestar på haugane.
34. Dette førte synd over Jeroboams hus, difor vart det øydd og utrydda frå jorda.