2. På Herrens ord ropa han mot altaret: «Altar! Altar! Så seier Herren: Det skal fødast ein son i Davids hus. Josjia skal han heita. På deg skal han ofra prestane frå offerhaugane som tenner offereld på deg; på deg skal han brenna menneskeknoklar.»
3. Samstundes gav han eit teikn og sa: «Dette er teiknet på at Herren har tala: Sjå, altaret skal rivna, og den feite oska som ligg på det, skal spreiast utover.»
4. Då kong Jeroboam høyrde det som gudsmannen ropa mot altaret i Betel, rette han handa ut frå altaret og sa: «Grip han!» Med det same stivna handa som han rette ut, og han kunne ikkje ta henne til seg att.
5. Altaret rivna, og den feite oska vart spreidd utover. Det var teiknet som gudsmannen hadde varsla på Herrens ord.
6. Då tok kongen til orde og sa til gudsmannen: «Prøv å vinna velvilje for Herren din Guds andlet, og bed for meg at eg kan trekkja handa til meg att.» Gudsmannen vann Herrens velvilje, og så kunne kongen ta handa til seg, og ho vart som før.
7. Sidan sa kongen til gudsmannen: «Ver med meg heim og få noko å styrkja deg på, så skal eg gje deg ei gåve.»
8. Men gudsmannen svara: «Om du gav meg halve huset ditt, ville eg ikkje vera med deg heim. På denne staden vil eg verken eta brød eller drikka vatn.
9. For slik lydde Herrens bod då han tala til meg: Du skal verken eta brød eller drikka vatn og ikkje venda attende same vegen som du kom.»
10. Så tok han ein annan veg, og han drog ikkje heim att den vegen han var komen til Betel.
11. I Betel budde det ein gammal profet. Sønene hans kom og fortalde han alt det gudsmannen hadde gjort i Betel den dagen, og kva han hadde sagt til kongen. Då dei fortalde det til far sin,
12. spurde han: «Kva veg tok han?» Sønene viste han kva veg han hadde teke, den gudsmannen som var komen frå Juda.
13. Då sa han til dei: «Sala eselet for meg!» Dei sala eselet, og han sette seg oppå
14. og reid av stad etter gudsmannen. Han fann han sitjande under eit eiketre og spurde: «Er du den gudsmannen som er komen frå Juda?» «Ja, det er eg», svara han.
15. Då sa profeten til han: «Ver med meg heim og få deg litt mat!»
16. Men gudsmannen svara: «Eg kan ikkje følgja deg attende og ta inn hos deg. Eg vil korkje eta brød eller drikka vatn saman med deg på denne staden.
17. For så lydde Herrens bod til meg: Du skal verken eta brød eller drikka vatn der og ikkje fara heim att den vegen du kom.»
18. Då sa den andre: «Eg òg er profet liksom du. Ein engel kom til meg med bod frå Herren og sa: Ta han med deg heim så han kan få eta brød og drikka vatn.» Men då profeten sa dette, laug han for han.
19. Gudsmannen vart no med han heim og åt brød og drakk vatn i huset hans.
20. Medan dei sat til bords, kom Herrens ord til profeten som hadde fått han med seg heim,