17. For så lydde Herrens bod til meg: Du skal verken eta brød eller drikka vatn der og ikkje fara heim att den vegen du kom.»
18. Då sa den andre: «Eg òg er profet liksom du. Ein engel kom til meg med bod frå Herren og sa: Ta han med deg heim så han kan få eta brød og drikka vatn.» Men då profeten sa dette, laug han for han.
19. Gudsmannen vart no med han heim og åt brød og drakk vatn i huset hans.
20. Medan dei sat til bords, kom Herrens ord til profeten som hadde fått han med seg heim,
21. og han ropa til gudsmannen som var komen frå Juda: «Så seier Herren: Fordi du trassa Herrens ord og ikkje heldt bodet som Herren din Gud gav deg,
22. men vende attende og åt brød og drakk vatn på den staden der han hadde sagt at du verken skulle eta brød eller drikka vatn, så skal liket ditt ikkje koma i grava til fedrane dine.»
23. Då gudsmannen som profeten hadde fått med seg attende, hadde ete og drukke, sala profeten eselet for han.
24. Så tok han i veg att. Men på vegen kom det ei løve imot han. Ho drap han, og liket vart slengt ned på vegen. Eselet vart ståande attmed liket, og der stod løva òg.
25. Då kom det nokre menn forbi. Dei såg liket som låg slengt på vegen, og løva som stod attmed det. Då dei kom til byen der den gamle profeten budde, fortalde dei om det dei hadde sett.
26. Då profeten som hadde fått mannen med seg heim frå vegen, fekk høyra det, sa han: «Det er den gudsmannen som trassa Herrens ord. Difor lét Herren løva ta han, og ho har rive han i hel, etter det ordet Herren hadde tala til han.»