1. Men best som Jeroboam stod framfor altaret for å tenna offerelden, kom det etter Herrens vilje ein gudsmann frå Juda til Betel.
2. På Herrens ord ropa han mot altaret: «Altar! Altar! Så seier Herren: Det skal fødast ein son i Davids hus. Josjia skal han heita. På deg skal han ofra prestane frå offerhaugane som tenner offereld på deg; på deg skal han brenna menneskeknoklar.»
3. Samstundes gav han eit teikn og sa: «Dette er teiknet på at Herren har tala: Sjå, altaret skal rivna, og den feite oska som ligg på det, skal spreiast utover.»