1. Kongebok 12:18-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Kong Rehabeam sende Adoniram til dei, han som hadde tilsyn med pliktarbeidet. Men israelittane steina han i hel. Rehabeam klarte å redda seg opp i vogna si og rømma til Jerusalem.

19. Slik gjorde Israel opprør mot Davids hus, og slik har det vore til denne dag.

20. Då israelittane fekk høyra at Jeroboam var komen tilbake, sende dei bod etter han og henta han til folkeforsamlinga. Der gjorde dei han til konge over heile Israel. Berre Juda-stammen heldt seg til Davids hus.

21. Så snart Rehabeam var komen til Jerusalem, samla han heile Judas hus og Benjamin-stammen, hundre og åtti tusen utvalde krigarar. Dei skulle strida mot Israels hus og vinna kongsmakta tilbake for Rehabeam, son til Salomo.

22. Då kom Guds ord til gudsmannen Sjemaja:

23. «Sei til Juda-kongen Rehabeam, son til Salomo, til heile Judas og Benjamins hus og til resten av folket:

24. Så seier Herren: De skal ikkje fara opp og strida mot israelittane, brørne dykkar. Far heim att, kvar til sitt hus! For det som har hendt, er kome frå meg.» Då lydde dei Herrens ord; dei snudde og fór heim att, som Herren hadde sagt.

25. Jeroboam bygde ut Sikem i Efraim-fjella og busette seg der. Sidan flytte han derifrå og bygde ut Penuel.

26. Jeroboam sa til seg sjølv: «Riket kan snart gå attende til Davids hus.

27. Skal dette folket fara opp til Jerusalem og bera fram offer i Herrens hus, kan dei igjen koma til å venda hjartet sitt til Juda-kongen, Rehabeam, som var herren deira. Så drep dei meg og gjev seg inn under Rehabeam att.»

28. Kongen heldt råd, og så laga han to gullkalvar og sa til folket: «No har de lenge nok fare opp til Jerusalem. Sjå, her er gudane dine, Israel, dei som førte deg opp frå Egypt.»

1. Kongebok 12