1. Johannes 5:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Kvar den som trur at Jesus er Kristus, er fødd av Gud. Og den som elskar han som har fødd oss, elskar òg det som er fødd av han.

2. På dette kjenner vi at vi elskar Guds born: at vi elskar Gud og held hans bod.

3. Å elska Gud er å halda hans bod, og hans bod er ikkje tunge.

4. For alt som er fødd av Gud, sigrar over verda. Og det som har sigra over verda, er vår tru.

5. Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son?

6. Han, Jesus Kristus, er den som kom gjennom vatn og blod. Ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden sjølv er vitne, for Anden er sanninga.

7. Så er det tre som vitnar:

8. Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same.

9. Vi godtek vitnemål frå menneske, men Guds vitnemål er sterkare. For dette er Guds vitnemål: Han har vitna om sin eigen Son.

1. Johannes 5