Titus 3:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Minn dei om at dei skal underordna seg styremaktene, retta seg etter dei og vera viljuge til å gjera alt som er godt.

2. Dei må ikkje tala stygt om andre eller skapa strid, men vera milde og tolsame mot alle menneske.

3. For vi var òg ein gong uvituge og ulydige, vi fór vilt og var trælar under mange slag lyster og ynske. Vi levde i vondskap og misunning, vart hata og bar hat til kvarandre.

4. Men vår Gud og frelsar lét sin godleik og kjærleik til alle menneske verta openberra.

5. Og han frelste oss, ikkje fordi vi hadde gjort rettferdige gjerningar, men fordi han er miskunnsam. Han frelste oss ved det badet som atterføder og fornyar ved Den Heilage Ande,

6. som han i rikt mål har rent ut over oss ved Jesus Kristus, vår frelsar.

Titus 3