Sefanja 3:5-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Herren rår med rettferd der,han gjer ikkje urett.Kvar morgon ¬feller han rettferdig dom,den kjem like visst som ljoset.Men ugjerningsmannen ¬kjenner ikkje skam.

6. Eg har øydt ut folkeslag,deira borgtårn ligg i grus.Eg har gjort deira gater aude,så ingen ferdast på dei.Byane deira er herja ¬og folketome,ingen bur der lenger.

7. Eg sa: ¬«Berre du ville ottast megog ta imot lærdom!»Så skulle byens bustader ¬ikkje verta øydelagdeog mi straff ¬aldri koma over han.Men dei synda seint og tidlegog gjorde berre vondt.

8. Difor, venta på meg,lyder ordet frå Herren,til eg står fram ¬som vitne mot dei.For det er min rett å samla folkog føra saman kongerikeog renna ut min harme over dei,all min brennande vreide.For i min brennhugskal eg øyda heile jorda.

Sefanja 3